– Prestasjonane har vore jamnare og kanskje minst like gode i år

Kort pause: Daniel Eid fekk seg nyleg ein kort visitt heime på Sunnmøre. Dei har det ikkje blitt så mange av med det tette programmet i Obosligaen. 22-åringen er inne i sin andre sesong i Sogndal og meiner eigne prestasjonar har vore både jamnare og betre enn i fjor.  

Sport

Fjorårssesongen vart bokstaveleg talt avslutta med eit smell for Daniel Eid. I playoff-finalen borte mot Mjøndalen kolliderte Eid med Ole Amund Sveen og dermed avslutta 22-åringen kampen med sjukehusbesøk i staden for å kjempe om opprykk.