Solid gjennomkøyring for Hødd

Hødd vann 4–1 over Molde i treningskamp på Høddvoll laurdag. Trenar Ronny Osnes kunne dermed seie seg godt nøgd med laget sin siste test før AaFK Fortuna kjem til Høddvoll for NM-kamp komande onsdag.

Thea Ertesvåg scora to mål og la opp til dei to andre for Hødd laurdag. Her utliknar ho til 1-1.  

Sport

– Først og fremst spelar vi fotball for å vinne og det gjer vi. Eg synest også at vi er skapande. Dei står veldig høgt og korrigerer ikkje, og vi prøvar å utnytte det, men blir nok litt hissige på å starte løpa tidleg. Per Ivar (Roald) meiner det er noko vi må trene meir på og det har han nok rett i. Vi scorar fire mål og skaper så mykje at det i alle fall ikkje var eit mål for lite, seier Osnes etter kampen.