– Begge straffene til Molde er billige

Kevin Knappen i pressesona etter 1-2 for Molde. Hødd-trenaren var fornøgd med prestasjonen til Hødd, men ikkje med fleire av dommaravgjerslene i kampen. Hødd meinte seg snytt for straffe, medan Molde fekk to på Høddvoll. 

Sport

Det vart ein kamp med mykje kjensler for Hødd og trenar Kevin Knappen då Molde til slutt vann 2–1 på Høddvoll søndag. Frå raseri og fortviling over ikkje berre ei, men to straffescoringar, samstundes som at Hødd meinte seg snytt for straffe, til eufori over det flotte utlikningsmålet til Bendik Rise etter 69 minutt. Prestasjonen til Hødd gav også trenaren mykje å gle seg over, sjølv om det til slutt enda med ein bitter cup-exit.