20 år gamle Henrik Hareide Holstad var rekna som eit stort fotballtalent - men nedsteninga av breiddefotballen i høve koronapandemien gjorde at han og lagkameratane på Hareid ikkje fekk trene organisert på lang tid. Difor skiftar han no ut fotballskoa med løpesko. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Henrik (20) legg fotballskoa på hylla - satsar på springing

Han var for ikkje lenge sidan rekna for å vere eit stort lokalt fotballtalent - men godt over eitt år med koronaavbrekk frå seniorfotballen sette sine spor. No byter hareidsdølingen Henrik Hareide Holstad ut fotballskoa med løpesko.