Både Hødd og Hareid får prosentar av overgangssummen:

- Veldig fortent at Fredrik får denne sjansen

Både moderklubben Hareid IL og IL Hødd får ein god slump pengar i høve overgangen til Fredrik Aursnes frå Molde FK til Feyenoord. Det kjem godt med for dei to klubbane - men først og fremst er dei glade for at 25-åringen får oppleve proffdraumen i utlandet.

Stolte av Fredrik: Per Arve Moldskred (t.v.), dagleg leiar i IL Hødd - og Ola Kalvø Vattøy, dagleg leiar i Hareid IL - er begge veldig stolte av Fredrik Aursnes. Dei unnar han proffdraumen i utlandet. 25-åringen blei nemleg søndag klar for den nederlandske storklubben Feyenoord.  Foto: Kollasj/Andreas Steinnes Bjerknes/Linda Eikrem.

Sport

I eit intervju med Eurosport etter Molde sin 5–4 siger over Haugesund søndag kunne Fredrik Aursnes sjølv også bekrefte overgangen – og at han allereie måndag skulle setje seg på flyet til Rotterdam.