Før seriestart - 7ar-serien:

Breidda sin breiddefotball

I den lokale sjuarserien for menn, har Ulstein og Hareid fire representantar. Her kan du lese kva trenarane hadde å seie til Vikebladet Vestposten nokon veker før sesongstart.

F.v. Hareid 2-trenar Eiliv-Tore Howlid, Haddal-trenar Atle Moldskred, Hjørungavåg-trenar Richard Hunstad og Flø-trenar Odd Arne Seljeset.  Foto: Montasje/Arkiv

Sport

Haddal

På spørsmål om kva tankar han har før sesongen, humrar Haddal-trenar Atle Moldskred godt før han seier: – Kva tankar eg har når vi spelar sjuar-fotball? At vi endeleg skal få lov å ha det kjekt igjen.