Før seriestart:

- Eg er optimistisk

Torsdag kveld tek Hasundgot i mot Vigra til første seriekamp i 5.-divisjon heime på Hasundgot stadion. Trenar Per Gustavsen er optimistisk før sesongstart.

Joakim Rødven (t.v.) blir framleis å sjå mellom stengene for Hasundgot i 2021. Per Gustavsen blir einsleg hovudtrenar etter at Øystein Muren gav seg etter 2019-sesongen.  Foto: Arkiv

Sport

Før sesongen har Hasundgot berre spelt ein treningskamp. Den var mot Larsnes/Gursken og resultatet vart 3–3. Hasundgot-trenar Per Gustavsen fortel at dei ikkje såg det resultatet kome.