Hareidsdamene skal spele 4.-divisjon:

- Blir spanande å sjå kvar vi står

Hareid sitt damelag stiller i år i 4.-divisjon der dei skal spele 9ar-fotball. Laget hadde eigentleg plass i 3.-divisjon, men på grunn av få spelarar, valde laget å ta eit steg ned.

HOVUDTRENAR: Bård Grimstad (andre f.v.) skal leie Hareid-damene i 4.-divisjon i år. Han skulle også leie laget i fjor, men sesongen kom aldri i gang på grunn av koronarestriksjonar. Her frå kontraktssigneringa i fjor.  Foto: Arkiv/Hareid IL

Sport

– Sånn som det har blitt i år er ambisjonane å få gjennomført sesongen og halde oppe aktiviteten i damelaget På den måten kan vi halde fram med laget til neste år når dei spelarane som kjem opp har blitt litt eldre. No er det "fjøresjø" når det kjem til rutinerte spelarar, fortel Hareid-trenar Bård Grimstad.