Hareid gler seg til å kome i gang – etter 20 månadar utan kampar:

– Det blir veldig godt

Fredag skulle Hareid eigentleg spelt sin første kamp for sesongen i 4. divisjon, heime på Hareidsmyrane kunstgrasbane. Der skulle Rollon stått på andre banehalvdel. Men - akkurat den kampen blir utsett - grunna koronasmitte i Rollon-laget.

God treningssommar: Her er eit knips frå treninga Hareid sitt A-lag hadde i Hadarhallen i førre veke. Førstkomande fredag skulle det vore seriestart, heime på Hareidsmyrane kunstgrasbane, mot Rollon. I staden blir det neste torsdag, borte mot Emblem. Begge foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Sport

Det blir altså ikkje sesongstart fredag - fordi kampen mot Rollon blir utsett. Ein spelar på laget skal ha blitt smitta av koronaviruset.