Hødd tok tre poeng mot botnlag

Hødd sløste med sjansane i stor stil i kampen mot Fløya på Høddvoll laurdag kveld. Resultatet 1-0 til heimelaget gir ikkje noko rett bilde av sjansestatistikken.

  Foto: Per Werkland

Sport

- Vi hadde nitten sjansar, Fløya hadde to. Vi spelar ein knallgod fotballkamp, men vi er utruleg ineffketive. Vi burde ha vunne med mange fleire mål, men poenga er sjølvsagt viktigast, oppsummerte Høddtrenar Kevin Knappen etter kampen.