Spelte heile serieopninga for Feyenoord: - Gjorde eit godt inntrykk

Fredrik Aursnes spelte heile kampen då Feyenoord møtte Willem II i første seriekamp i Eredivisie søndag.

Imponerte: Her er hareidsdølingen Fredrik Aursnes i aksjon i sin første kamp for det nederlandske storlaget Feyenoord søndag. Feyenoord feia regelrett Willem II av banen med ein sterk 0-4 siger - og Aursnes hausta mange lovord etter kampen. På bildet ser ein også nye-trenaren til Fredrik, Arne Slot.   Foto: Hollandse Hoogte/Shutterstock.

Sport

Hareidsdølingen og hans nye arbeidsgjevar, den nederlandske toppklubben Feyenoord – reiste til Koning Willem II Stadion i Tilburg søndag. Der spelte laget sesongens første seriekamp i Eredivisie – toppdivisjonen i Nederland. Den tidlegare Hareid-, Hødd- og Molde FK-profilen spelte heile kampen – og hausta mange lovord i den nederlandske sportspressa etterpå.