To kampar på få dagar for Hødd:

- Vi jobbar hardt for å score fleire mål

Arnold Origi er utan tvil den mest erfarne spelaren i dagens Hødd-tropp - med Eliteserie-erfaring og utanlandsopphald bak seg. Han meiner dei blåkvite bør kunne ha gode sjansar til å vinne både bortekampen mot Eidsvold TF torsdag og heimekampen mot Tromsdalen søndag.

Erfaren målmann: Arnold Origi (37) har etablert seg som førstekeeper i Hødd i skadefråværet til Ole-Monrad Alme - og bidreg med erfaring frå ei innhaldsrik karriere. Bak han ser ein gamle Høddvoll - der han i 2007 og 2012 spelte kampar mot Hødd med høvesvis Moss og Ull/Kisa. No er han sjølv i Hødd, og sjølv om gamle Høddvoll er byta ut med nye Høddvoll - er "Hødd-vêret" framleis det same, fortel han smilande.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Eidsvold TF har før oppgjeret med Hødd like mange spelte kampar som dei blåkvite – men som ligg på ein femteplass med 21 poeng. Hødd på si side har 24 – og okkuperer andreplassen – fire poeng bak topplaget Kongsvinger.