– Eg trur vi møter eit lag som passar oss bra

Bidreg: Eirik Franke Saunes har allereie bidrege nok til at årets sesong er hans beste for Hødd med tanke på målpoeng. Etter 13 seriekampar har han fem scoringar og berre Oskar Løken og Robin Hjelmeseth har scora fleire for dei blåkvite.  

Sport

Hødd har vunne tre kampar på rad, dei to siste med 4–0 over både Eidsvold Turn og Tromsdalen, men møter laurdag eit Brattvåg-lag som ikkje har tapt i serien sidan sist dei møtte Hødd.