Ny sjanse på heimebane

Unge Gabriel Olav Peterson viste gode takter i Hareid sitt midtforsvar saman med Martin Nikolai Longva, sjølv om Hareid tapte for Rollon. Fredag tek dei imot Langevåg i ein ny heimekamp.  

Sport

Måndag tapte Hareid 0–1 for Rollon i ein sjansefattig kamp på Hareidsmyrane KGB. Fredag kan laget slå tilbake når Langevåg gjestar same bane.

Hareid opna sesongen sterkt med å slå Emblem 5–0 på bortebane. Klarar laget ein ny siger fredag, vil det sørge for ei solid opning på det som er ein svært kort 4.-divisjonssesong.

Sist Hareid og Langevåg spelte mot kvarandre i serien var i 2017. Då vann Hareid både heime og borte, men sidan den gong har Langevåg vore ein tur ned i 5.-divisjon. Laget har starta 4.-divisjonssesongen med to tap. Først vann Norborg/Brattvåg 3–1 på Uggedal stadion, før Hødd 2 vann 5–1 i Langevågen.

Hareid har vore utan både Ruben-Kenneth Brandal og Ørjan Engen Grimstad i sesongens to første kampar. Måndag måtte også Ola Kalvø Vattøy gje seg midtvegs ut i førsteomgangen. Det blir dermed interessant å sjå om nokon av desse er aktuelle til Langevåg-kampen.

Kampstart på Hareidsmyrane KGB er 18.30.