Straffe, raudt kort og scoring på overtid

Langevåg avgjorde 4.-divisjonskampen mot Hareid med ei scoring seks-sju minutt på overtid, men det var ein situasjon 12 minutt før slutt som blei mest omdiskutert.

Dommar Haakon Javier Tronstad tek forklaring frå Langevåg-spelarane etter det Hareid opplevde som ein rasistisk kommentar mot Kim André Lid Alvestad.  

Sport

Etter halvanna omgang med ein del krangling mellom Hareid- og Langevåg-spelarar på høgresida til Hareid, tetta det seg verkeleg til kvarteret før slutt. Knappe ti minutt tidlegare hadde Kim-André Lid Alvestad skaffa Hareid straffe, som Hareid utlikna på, men kantspelaren var stadig på farten og i større og større grad involvert i småkrangling med motspelarane.