Beite senka Hødd

Hødd starta treigt, men såg etter kvart ut til å ta over borte mot Brattvåg. To scoringar frå ein tidlegare Hødd-spelar sørga likevel for at dei blåkvite reiste tomhendte tilbake til Ulsteinvik.

Alfred Scriven fortvilar over ein misbrukt sjanse. Hødd skapte nok til å få med seg poeng borte mot Brattvåg, men heimelaget tok betre vare på sine moglegheiter og vann 3-1.   Foto: Hødd Fotball

Sport

Etter tre strake sigrar reiste Hødd nordover på Sunnmøre for å møte eit Brattvåg-lag som også har funne forma. Før lokaloppgjeret hadde ikkje Brattvåg tapt i serien sidan sist dei møtte Hødd og i tre av dei fire siste kampane stod Brattvåg att med tre poeng.