Spelarstipend til Ola Heltne Nilsen

Hødd-spelaren fekk søndag Sparebanken Møre sitt spelarstipend for 2020, delt ut av Sparebanken Møre og Sunnmøre Fotballkrets.

Stipend: Banksjef Ellen Kvalsund frå Sparebanken Møre i Ulsteinvik og kretsleiar Oddbjørn Solheim delte ut Sparebanken Møres spelarstipend til Ola Heltne Nilsen på Høddvoll søndag. 

Sport

Heltne Nilsen vart tildelt stipendet for 2020 saman med AaFK Fortuna-spelaren Benedicte Lund Berge. Heltne Nilsen tok imot stipendet i pausen under Hødd sin 4–0 siger over Tromsdalen på Høddvoll. Sunnmøre Fotballkrets skriv på sine nettsider at ein ikkje fekk delt ut stipendet tidlegare på grunn av koronasituasjonen.