Fekk debuten mot Spania - no er Hødd-spelaren tatt ut til landskampane mot Tyskland og Sverige

Landslagssjef Elise Brotangen har tatt ut talentfulle Madelen Eid (16) til to nye landskampar.

Klar for nye landslagsoppdrag: Madelen Eid debuterte for J16-landslaget mot Spania 18. august - og spelte ein ny landskamp - også mot Spania - tre dagar etterpå. No er ho også tatt ut til landskampane mot Tyskland og Sverige.  Foto: Thomas Brekke Sæteren.

Sport

Hødd-spelar Madelen Eid er også med i J16-landslagstroppen til kampane mot Tyskland (16. september) og Sverige (18. september), på høvesvis Tjörns Sparbank Arena og Kungshamnsvallen. Det skriv Norges Fotballforbund (ekstern lenkje).