Bad Hareid-spelar «dra tilbake til slummen»:

– Får altfor mild straff

Det er bestemt at Langevåg-spelar Peter Beite Dyb må stå over tre kampar etter at han kom med ein kommentar til ein Hareid-spelar. Det får Hareid-trenar Kim-Tore Husøy til å sjå raudt.

Tok forklaring: Dommar Haakon Javier Tronstad tok her forklaring frå Langevåg-spelarane etter det Hareid opplevde som ein rasistisk kommentar mot Kim André Lid Alvestad.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.

Sport

Etter hendinga som fann stad under 4. divisjonskampen mellom Hareid og Langevåg i førre veke – har ein venta på avgjerda frå kretsen. No er straffa bestemt. Dagleg leiar Bjørn Oskar Haukeberg i Sunnmøre Fotballkrets fortel til Sunnmørsposten (ekstern lenkje) at Peter Beite Dyb får tre kampars karantene.