Hødd inviterer til "Årets kamp"

Lokkar med gratis inngang og ei rekkje aktivitetar i samband med toppkampen mot Kongsvinger.

Årets kamp: Når Hødd møter Kongsvinger 12. september legg klubben opp til ein skikkeleg folkefest på Høddvoll. Publikum slepp gratis inn på kampen, men Hødd legg opp til eit spleiselag der både privatpersonar og bedrifter kan støtte opp om klubben.   Foto: Per Werkland.

Sport

Det blir skikkeleg fotballfest på Høddvoll når Hødd tek imot Kongsvinger til toppkamp 12. september. Dette er allereie ein svært spanande kamp, som kan få mykje å seie for utfallet i toppen av avdelinga, men dette blir ikkje berre ein vanleg kamp på Høddvoll.