På diamantjakt i Zürich

Torsdag kveld spring Karsten Warholm Diamond League-finale på Letzigrund i Zürich.

Finale: Karsten Warholm spring Diamond League-finale i Zürich komande torsdag.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Sport

Det gjekk ikkje heilt som Karsten Warholm hadde håpa då han prøvde seg på 400 meter flatt under eit stemne i Lausanne nyleg. Warholm sprang sitt første løp etter OL og vart slått for første gong sidan 2018. I Lausanne enda Warholm på ein fjerdeplass og slo fast at tida etter OL-gullet i Tokyo truleg hadde tatt meir krefter enn ein hadde rekna med.