Kvalifisert til både ÅM og NM:

Symjetalentet Eva (16) sette ny pers i fem øvingar

Eva Ulstein frå YSS Symjeklubb imponerte stort under LÅMØ (Landsdel årsklassemønstring) i Oasen, Namsos svømme- og miljøsenter i helga. Med nye bestenoteringar i fem ulike øvingar vart ho til slutt nest beste utøvar frå Møre og Romsdal Svømmekrets.

Symjetalent: Eva Ulstein (16) gjorde det skarpt under LÅMØ på Namsos i helga. Ho sette ny personleg rekord i alle øvingane ho var med på - og kvalifiserte seg både til ÅM og NM.  Foto: YSS Symjeklubb.

Sport

16-åringen har med bakgrunn i dei sterke resultata i Namsos sumt seg vidare til ÅM (årsklassemeisterskap) – som går av stabelen i Sandnes 24. september. Berre to 2005-jenter frå Møre og Romsdal har kome seg vidare dit. Etter det er det NM for ungdom 22. oktober i Stavanger. Dit har ho kvalifisert seg på øvinga 100 butterfly.