– Eg har drøymt om å kome på landslaget

I august spelte Madelen Eid (16) sine to første landskampar for Norge. Snart er det duka for nye landslagsoppdrag for Hødd-spelaren.

Landslagsklar: Madelen Eid fekk sine to første landskampar med J16-landslaget då dei spelte mot Spania i Frankrike. Neste veke er Eid igjen i troppen, når Norge skal møte Sverige og Tyskland.   Foto: Andreas Bjerknes

Sport

Det er ikkje kvardagskost at spelarar frå Hødd debuterer på aldersbestemte landslag for jenter. Erika Skarbø gjekk heile vegen opp til A-landslaget og spelte mellom anna i OL for Noreg. Etter det har Aina Kvamme, Åslaug Helvig og Angelica Vattøy fått prøve seg med flagget på brystet, men det har byrja å bli ein del år sidan sist.