Mangla fleire - vann likevel

HØDDVOLL: Eit redusert Hødd 2 hadde nok kvalitet til å sikre poenga mot SIF/Hessa.

Jubel etter Vegard Håheim-Elveseter si 1-0 scoring for Hødd 2 i 4.-divisjonskampen mot SIF/Hessa.  

Sport

Det var eit Hødd-lag med fleire fråfall som fredag kveld skulle prøve å slå tilbake etter 1–2 tapet for Hovdebygda. Det førte mellom anna til at angriparen Simon Sieminski fekk sin første 4.-divisjonskamp frå start for rekruttlaget.