– Det er ikkje over før det er over

Joakim Wrele slår fast at Hødd framleis jaktar førsteplassen i avdelinga, sjølv om det berre blei eitt poeng i heimekampen mot Kongsvinger.   Foto: Per Werkland

Sport

– Eg synest det er ein kamp der vi er eit betre lag enn Kongsvinger, som kom hit for å få med seg eitt poeng heim. Vi tok føringa i kampen og hadde trykk mot dei gjennom heile andreomgangen, men det er små marginar som gjer at vi ikkje får ballen i mål og tek alle tre poenga. Det var ein god prestasjon, men vi er skuffa over at det berre blir eitt poeng.