Laggull og andreplass

Edel Charlotte Eiken Fosse med fleire fine prestasjonar under Unni og Haralds Pokal.

Andreplass: Det vart ein solid andreplass i firekamp for Edel Charlotte Eiken Fosse under Unni og Haralds Pokal i Oslo sist helg.   Foto: Vidar Fosse

Sport

Gymnasten Edel Charlotte Eiken Fosse frå Ulsteinvik turna sist helg under tradisjonsrike Unni og Haralds Pokal i Oslo Turnhall. Den tidlegare Hødd-gymnasten har dei siste åra representert Oslo Turnforening og var der med på laget som sikra seg laggull under turnstemnet.