I troppen til EM-kvalifisering

Madelen Eid frå Hødd er tatt ut i Elise Brotangen sin J16-landslagstropp til EM-kvalifiseringskampane mot Bulgaria, Ungarn og Irland.  

Sport

Madelen Eid har spelt frå start i tre av dei fire siste treningskampane for det norske J16-landslaget. I oktober er det ikkje lenger trening, men derimot EM-kvalifisering som står på programmet og Eid er igjen tatt ut i den norske troppen.