Heimekampar for Hareid og Hødd 2

Fredag skal Hareid møte botnlaget Norborg/Brattvåg 2, medan Hødd 2 tek imot topplaget Herd. 

Sport

Det blir møte mellom to lag som framleis ventar på sin andre siger i årets 4.-divisjon på Hareidsmyrane fredag. Hareid tek imot Norborg/Brattvåg 2 og begge lag står med tre poeng framom oppgjeret. Hareid sine poeng kom borte mot Emblem, og laget er dermed på jakt etter sine første poeng på eige kunstgras denne sesongen.