Skal feire ein meir normal idrettskvardag

Turn er blant aktivitetane som står på programmet under open dag som blir arrangert av Hareid IL laurdag.  

Sport

Frå laurdag og i tre veker framover er det mange idrettslag rundt om i landet som er med på markeringa "Tilbake til idretten" som skal markere gjenopninga av idrettsnorge etter koronapandemien. Dette blir gjort gjennom ei rekkje ulike opne idrettsarrangement for store og små rundt om i landet.