Hødd mista to poeng

HØDDVOLL: Hødd og Asker delte poenga på Høddvoll laurdag. Dermed peikar alt på at det blir ein duell om andreplassen denne hausten

Jann Julin Benjaminsen banka inn 1-0 med eit flott frispark få minutt før pause.   Foto: Per Werkland

Sport

Laurdag tok Hødd imot Asker til kveldskamp på Høddvoll. Tidlegare på dag hadde Kongsvinger knust Eidsvold Turn 6–0 og for Hødd var dermed oppgåva klar. Berre tre poeng ville vere godt nok.