Hødd knuste Nardo

Amanda Worren Eikrem gav Hødd ein pangstart borte mot Nardo med to scoringar i løpet av kampens første 20 minutt. Det første kom allereie i det første speleminuttet.  

Sport

Laurdag vart det klart at Norges Fotballforbund droppar nedrykk frå 2.-divisjon kvinner denne sesongen. Hødd var dermed trygge allereie før det som elles ville ha vore ein svært viktig bortekamp mot Nardo søndag. Men Hødd-damene var klare for å vise at dei er gode nok til å halde plassen sjølv om nedrykk hadde blitt praktisert.