Vil ha Knappen med vidare

Hødd-trenar Kevin Knappen er inne i sin andre sesong på Høddvoll. Styret i klubben ønskjer å ha Knappen med vidare også etter 2021-sesongen.  

Sport

Sist veke skreiv Stavanger Aftenblad at Hødd-trenar Kevin Knappen er blant kandidatane til å ta over hovudtrenarjobben i Bryne etter sesongen. Jan Halvor Halvorsen har gitt beskjed om at han gir seg etter sesongslutt og klubben er difor på trenarjakt.