Hødd innfridde i lokaloppgjeret, men trenaren meiner dei kunne vore betre:

– Vi har nokre hakk å gå på

Hødd 2 klatra opp på ein tredjeplass i 4. divisjon etter sigeren i lokaloppgjeret - medan Hareid no er tabelljumbo.

God: Vegard Håheim-Elveseter var god for dei blåkvite i kampen mot Hareid. Her er det Gabriel Olav Peterson som er i duell med Hødd-spelaren.  Foto: Hødd Fotball.

Sport

Det vart ein siger heilt etter boka for Hødd-rekruttane då nabo Hareid gjesta Høddvoll fredag kveld. Kristoffer Thue Stranden banka inn 1–0 frå skrå vinkel etter 40 minutt – medan Tobias Pettersen Hatløy sette inn 2–0 etter 72 minutt.