Trenar Knappen:

Nøgd med uavgjort - kryptisk kring eigen situasjon

Hødd hadde naturlegvis ønskt seg tre poeng, for å ytterlegare forsvare andreplassen - men det blei poengdeling mot Tromsdalen. Det var eit greitt resultat, meinte trenar Kevin Knappen etter kampen.

Nøgd med poengdeling: Kevin Knappen var nøgd med uavgjort mot Tromsdalen - sjølv om tre poeng naturlegvis hadde smakt betre. Elles er situasjonen kring Hødd-trenaren framleis ikkje avklart - og måndag kjem nok truleg avgjerda, der han anten held fram som Hødd-trenar - eller blir ny Bryne-trenar etter sesongen.   Foto: Arkiv/Linda Eikrem.

Sport

Hødd-trenaren sa etter uavgjort-kampen mot Tromsdalen på TUIL Arena søndag at det var to gode fotballlag som møttest: