– Det er ikkje enkelt i det heile tatt

Kevin Knappen tek over som hovudtrenar for Bryne frå 2022, men først ønskjer han å avslutte sine to år i Hødd med å løfte laget så høgt opp som mogleg.  

Sport

Måndag vart Kevin Knappen presentert som ny hovudtrenar for Bryne, i ei stilling der trenaren tek til etter at 2021-sesongen med Hødd er avslutta. Dermed er det slutt på spekulasjonane som har gått den siste tida, der Knappen var lenka til jobben som Jan Halvor Halvorsen sin erstattar.