Fornøgd med tre poeng

Høddtrenar Kevin Knappen var fornøgd med 2-0-siger over Eidsvold TF laurdag. Men det var éin ting han irriterte seg over, spesielt i første omgang.

Høddtrenar Kevin Knappen blir intervjua av ein Voldastudent etter kampen mot Eidsvold.  Foto: Linda Eikrem

Sport

- Vi har ikkje nok frekvens i beina, vi er upresise. Vi ser bak oss når vi skal gå framover og ventar på nestemann. Vi nøler, vi blir for seine og kjem heile tida dit ballen har vore, og det er dårleg, seier Knappen.