Spelar send til sjukehus

Ein av spelarane på Eidsvold TF vart sendt til sjukehus etter å ha kollapsa mot slutten av førsteomgang på Høddvoll.

Eidsvoldspelaren måtte berast av bana på båre.  Foto: Per Werkland

Sport

Midt i eit Høddangrep fekk spelar nummer nitten på bortelaget, Erik Ruud, problem og la seg ned på bana like utanfor eigen sekstenmeter. Direktesendinga frå kampen viser ikkje at han var i nokon hard fysisk duell før han kollapsa.