Har starta jakta på ny trenar

Fleire har meldt interesse for trenarjobben i Hødd.

Sportssjef: Jesper Törnqvist fortel at Hødd Fotball er i gang med jakta på Kevin Knappen sin erstattar, men reknar med at dette er ein prosess klubben vil bruke ein del tid på.   Foto: Andreas Bjerknes

Sport

Det er framleis minst fem kampar igjen av Hødd-sesongen 2021, men klubben har allereie ei stund visst at dei må på trenarjakt før 2022-sesongen. Sist måndag vart nemleg Kevin Knappen presentert som ny Bryne-trenar frå nyttår.