Tok tre viktige poeng i målrik kamp

Hødd slo Alta 4-1 på Alta Idrettspark søndag ettermiddag. Dermed sikra laget seg tre viktige poeng.

Høddtrenar Kevin Knappen. Arkivfoto  Foto: Linda Eikrem

Sport

- Eg er fantastisk fornøgd med jobben som vert lagt ned. Vi følgde planen vi la på førehand, spelarane ofrar seg og gjennomfører veldig bra. Eg synest også at vi klarte å løfte spelet vårt frå kampen sist helg, vi er mykje meir presise i dag. Så eg er veldig stolt, seier Høddtrenar Kevin Knappen nokre minutt etter kampslutt i Alta.