Komfortabel siger

Hødd 2 hadde ikkje effektiviteten med seg før pause, men vann til slutt 4-0 over Emblem.

Jubel etter Hødd 2 si tredje scoring mot Emblem. Det vart til slutt 4-0, men sigeren kunne ha vore endå større.  

Sport

Det vart til slutt ein komfortabel 4–0 siger for Hødd-rekruttane, då dei måndag kveld hadde besøk av Emblem. Heimelaget dominerte i banespelet og skapte det aller meste som skjedde på Høddvoll, men det tok litt tid før dette viste igjen på måltavla.