Varg Academy:

– Dette er noko av det beste eg veit

David Husøy trenar nesten kvar einaste dag hjå Varg Academy i Ulsteinvik. Nyleg gjekk han til topps i si klasse under BJJ Scandinavian Open i Oslo.

Til topps: David Husøy gjekk heilt til topps i si klasse under Scandinavian Open i Brasiliansk Jiu-Jitsu. Her saman med instruktør Bjørn-Erik Osmark ved Varg Academy i Ulsteinvik. 

Sport

BJJ er ei forkorting for brasiliansk jiu-jitsu, som er eitt av tilboda ved Varg Academy i Ulsteinvik. David Husøy har berre drive med kampsporten eit par år, men har allereie tatt store steg og fekk definitivt vist fram det under Scandinavian Open-konkurransen i Bjørnholthallen.