Nedrykk for Hasundgot

Hasundgot måtte få full klaff borte mot Ørsta for å ha noko som helst slags håp om å berge plassen, men etter 1-5 tap er laget klare for neste års 6.-divisjon.  

Sport

Det meste av håp var allereie ute for Hasundgot før bortekampen mot Ørsta torsdag kveld. Etter tapet for Volda II sist veke måtte det meste klaffe for Hasundgot om dei skulle unngå nedrykk til 6.-divisjon, men slik gjekk det ikkje.