Noterte seg for målgjevande i sin første A-kamp:

- Stort å endeleg få debuten

Talentfulle Vegard Håheim-Elveseter melde saman med veslebroren Martin overgang frå Bergsøy til Hødd i sommar. Måndag fekk han debuten sin for Hødd sitt A-lag mot Vålerenga 2 - og leverte.

Målgjevande i debuten: Talentfulle Vegard Håheim-Elveseter fekk A-lagsdebuten sin for Hødd mot Vålerenga 2 - og noterte seg attpåtil for ei målgjevande pasning på Håkon Bjørdal Leine si andre scoring.  Foto: Per Werkland.

Sport

– Vegard kom inn på eit tidspunkt i kampen der vi gjorde nokre justeringar. Han og Håkon (Bjørdal Leine, journ. anm) gjorde at vi klarte å snu om kampen igjen – og Vegard gjorde ein fin figur resten av kampen. Han noterte seg også for ein målgjevande til Håkon, noko som er veldig bra, sa trenar Kevin Knappen etter kampslutt.