Valsa over Vålerenga sine nest beste

Hødd var best i det aller meste under flomlysa heime på Høddvoll måndag kveld - og regelrett spelte ut unggutane på Vålerenga 2.

Scora mål nummer fire: Her set Alfred Richard Scriven inn Hødd sitt fjerde mål i kampen mot Vålerenga 2.  Foto: Per Werkland.

Sport

Før kampen hadde andreplasserte Hødd med sine 48 poeng på 22 kampar litt å gå på i høve Asker på tredjeplass – som på si side hadde 45 poeng på 23 kampar. Det ville uansett vere viktig å gjere ein god prestasjon mot Vålerenga 2 – som før kampen var på 11.-plass med 22 poeng på 22 kampar. Trenar Kevin Knappen uttalte på kampdagen at han var usikker på kva lag som ville møte dei – men at Oslo-laget har nytta heile 40 ulike spelarar i 2021-sesongen.