Gler seg til å spele 3.-divisjon

Hødd-kapteinen var godt fornøgd etter at Hødd II sikra seg plass i neste års 3.-divisjon, etter å ha slått Tomrefjord 4-2 samanlagt i kvalifiseringa.

Kaptein: Andreas Fjørtoft i ein duell på offensiv dødball for Hødd 2. Fjørtoft meiner bortelaget hadde brukbar kontroll på opprykket og var godt fornøgd med at laget kjempa for plassen i 3.-divisjon gjennom heile kampen borte mot Tomrefjord.  

Sport

Hødd-rekruttane sikra seg søndag opprykk til 3.-divisjon etter å ha slått Tomrefjord 4–2 samanlagt over to kvalifiseringskampar. Hødd 2 vann 4–0 på heimebane, før Tomrefjord vann 2–0 i den andre kampen og laga dermed litt spenning utover i den avgjerande kampen.