To tap i sesongopninga

Etter 20 månadar utan kampar for Hødd-damene vart det tap for Elnesvågen og Volda 3 då laget endeleg kom i gang med seriespel.

Scora 13: Fredrikke Ulstein Mæhlum vart Hødd sin toppscorar i kampen mot Elnesvågen. Ho scora heile 13 mål i 5.-divisjonsoppgjeret. Foto: Arne Flatin/IL Hødd 

Sport

Laurdag tok Hødd imot Elnesvågen i Ulstein Arena. Det var laget sin første teljande kamp sidan 8. mars 2020. Hødd stilte eit lag der ein har klart å behalde nokre av dei meir erfarne spelarane, men der ein har fylt på mellom anna med unge spelarar frå klubben sitt gode J16-lag.