– Vi ønskjer å vise oss frå vår beste side

Robin Hjelmeseth har levert sin beste sesong i Hødd-drakta, men satsar på at det blir endå fleire mål før sesongen er over.

Opptur: Robin Hjelmeseth har scora 13 mål i serien for Hødd denne sesongen og fortel at dei to siste sesongane har vore oppløftande for hans del.  

Sport

Søndag spelar Hødd sesongens siste seriekamp. Då tek dei blåkvite imot Bærum heime på Høddvoll. Hødd er for lengst klare for kvalifisering og i helga blir det klart om det er Egersund eller Arendal som blir motstandar.