Har opna for påmelding til Grendacupen

Romjula 2020 var den første på mange år utan fotballmoro i Hareidhallen, men i år er Grendacupen tilbake på programmet.

Klart for Grendacup: Anders Riise, Håvard Knudsen Bjåstad, Ola Kalvø Vattøy og Gustav Klovning Bjørlykke gler seg til at Grendacupen er tilbake i Hareidhallen i romjula. Foto: Hareid IL 

Sport

Fjorårets romjulsturnering kunne ikkje gjennomførast som følgje av koronapandemien, men Hareid IL inviterer i år igjen til den tradisjonsrike innandørsturneringa.