– Ser på oss som det beste laget

Bendik Rise trillar sikkert inn 3-1 frå straffemerket, etter at Håkon Bjørdal Leine vart lagt i bakken av Bærum sin keeper. No ser Rise og Hødd fram mot å møte Arendal i kvalifiseringa.   Foto: Per Werkland.

Sport

Med si straffescoring like før slutt sørga Bendik Rise for at ein fekk det resultatet Hødd fortente heime mot Bærum. For sjølv om det tok litt tid før Hødd leitte fram effektiviteten, så var det heilt klart fortent at poenga blei verande i Ulsteinvik.