Håper på 2.000 tilskodarar:

- Den viktigaste kampen på fleire år

Det seier dagleg leiar i IL Hødd, Per Arve Moldskred - om laurdagens kvalifiseringskamp om opprykk til OBOS-ligaen, mot Arendal - heime på Høddvoll. Klubben jobbar no for å nå eit mål om 2.000 tilskodarar på tribunene.

Håper på 2.000 tilskodarar: Per Arve Moldskred og André Aurvåg Gardshol, høvesvis dagleg leiar og marknads- og medieansvarleg i IL Hødd - håper på fullt trykk på Høddvoll førstkomande laurdag. Ønskemålet er minst 2.000 tilskodarar på stadion under oppgjeret mot Arendal.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Ifølgje Hødd sine eigne heimesider har Høddvoll ein tilskodarkapasitet på 4.081 plassar – og målet er altså å fylle rundt halvparten av desse under kvalikkampen mellom Hødd og Arendal.